Oppdater din profil

Det er viktig at opplysingane i din profil i skjemaløysinga er oppdaterte.

Viss det er ei stund sidan du har vore innom profilen din, bør du kontrollere at opplysingane er korrekte. Trykk på "Vis min profil" for å sjå opplysingane om deg og ditt firma. Legg spesielt merke til om organisasjonsnummeret ditt er rett. Dersom du trykkjer på "Hent info frå Enhetsregisteret" vil namn og adresse for ditt firma bli henta frå Enhetsregisteret. Dette bør du gjere dersom du har lagt til eit nytt organisasjonsnummer i profilen.

Du står fritt til å endre opplysingane ved behov. Hugs å trykke på "oppdater" for å lagre nye opplysingar.

Dersom opplysingane ikkje er oppdaterte kan du risikere at salær vert utbetalt til feil kontonummer eller at e-postane frå systemet ikkje kjem fram til deg. Du er sjølv ansvarleg for at opplysingane i din profil er oppdaterte.