Facebook | Twitter Skriv ut

Momsfritak

Dersom du ikkje skal betale moms kan du likevel nytte det elektroniske skjemaet til å sende inn sakene dine. Sakshandsamarane i embeta kan endre fakturaen før dei utbetalar salæret.

Fleire brukarar har kontakta oss fordi dei ikkje må registrere seg i Meirverdiavgiftsregisteret før omsetning og uttak til saman har overstege 50 000 kroner i ein periode på tolv månader.

Dette har vore problematisk fordi systemet legg opp til at brukarane er registrerte i Meirverdiavgiftsregisteret.

Vi har vurdert å opne for at brukarane sjølv kan velje om dei skal betalast moms eller ikkje, men har kome til at den beste løysinga vil vere å opne for at sakshandsamarane kan endre fakturane i etterkant av innsending.

Dersom du ikkje skal betale moms, gjev du beskjed om dette i fritekstfeltet der du skriv grunngjevinga for saka. Sakshandsamaren vil då endre fakturaen før utbetaling.

Publisert: 10.02.2015 Sist endra: 10.02.2015