Facebook | Twitter Skriv ut

Salærsats for eigenandel

Tidspunktet då du starta arbeidet med rettsrådssaka er no avgjerande for kva salærsats det vert trekt eigenandel etter.

I det gamle systemet var tidspunktet då saka vart avslutta avgjerande for kva salærsats det vart trekt eigenandel etter. Same salærsatsen vart dermed nytta både for salæret og eigenandelen. Det nye systemet er meir fleksibelt, noko som medfører at vi kan knytte salærsatsen for eigenandelen opp mot oppstarttidspunktet for saka.

Vi meiner at dette er i tråd med rettshjelpforskrifta § 2-3, der det framgår at klienten som hovudregel skal betale eigenandelen på forskot.

Publisert: 10.02.2015 Sist endra: 10.02.2015