Informasjon til sekretærar
Advokatsekretærar kan per i dag ikkje bli brukarar av skjemaløysinga.
Fylkesmannen arbeider med å få dei nødvendige godkjenningane for at advokatsekretærar kan bli brukarar. Størst motførestillingar har Skatteetaten, som er kritiske til at sekretærane skal få tilgang til likningsopplysningane ein kan søke opp i systemet.
Dei meiner sekretærane er ei for ueinsarta gruppe som ikkje er registrert i eit register på lik linje med advokatar, rettshjelparar og advokatfullmektigar. Vidare er dei av den oppfatninga at advokatsekretærar ikkje er underlagt den same teieplikta som advokatar og fullmektigar.
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har utarbeidd to løysingsforslag for korleis advokatsekretærane kan verte brukarar utan å få den same tilgongen til likningsopplysingar som dei noverande brukarane. Forslaga stettar også krava frå Justis- og beredskapsdepartementet om at skjemaet må gjennomgåast og sendast inn av advokaten etter at det er fylt ut av sekretæren.
Forslaga er til vurdering hjå Justis- og beredskapsdepartementet.
Publisert: 22.10.2014 Sist endra: 22.10.2014