Facebook | Twitter Skriv ut

Informasjon om tolkeløysinga for sakshandsamarar

No kan tolkar sende inn krav som er knytt til fritt rettsråd elektronisk.

For tolkane

Innlogging i skjemaløysinga for tolkar skjer via ID-porten. ID-porten er ei felles innloggingsløysing til offentlege tenester på nett, og tilbyr sikker innlogging ved bruk av elektronisk ID. Nærare informasjon om innloggingsløysinga finn du her.(lenke)

Tolkar kan sende inn krav som personleg tolk, eller kan sende inn krav på vegner av eit firma med organisasjonsnummer. 

Tolken må tilknytte seg ein advokat for innsending av krav. Er tolken tilknytt ein advokat som er brukar i rettsrad.no, kan tolken sende kravet for godkjenning til advokaten i løysinga. Viss ikkje advokaten er brukar på rettsrad.no, blir kravet sendt direkte til Fylkesmannen for godkjenning.

For advokaten

Advokaten vil kunne sjå ei ny oversikt som heiter "Tolkekrav". Her vil det komme ein varsel på e-post til advokaten si e-postadresse at dei har motteke eit krav på rettsrad.no som treng godkjenning av advokat. 

Advokat må kvalitetssikre den informasjonen tolken har lagt inn i kravet, og evt godkjenne dette. Dersom det ikkje kan godkjennast, kan advokaten sende kravet tilbake til tolk som avslag eller for redigering av kravet.

Advokat kan korrigere opplysningar, og deretter godkjenne kravet.

Dersom det manglar naudsynte vedlegg som til dømes oppnemningsdokument frå UDI, kan advokaten legge dette til som vedlegg til kravet før godkjenning. Tolken vil få varsel per e-post om eventuelle endringar av kravet.

For sakshandsamarane 

Sakshandsamar hjå Fylkesmannen mottek tolkekrav under oversikta "Tolkekrav under handsaming". Her vil tolkekrava sortere seg ut frå status på kravet.

"Tolkekrav under handsaming" inneheld: Krav som er sendt inn direkte frå tolk til Fylkesmannen, eller krav som er sendt via advokat for godkjenning.

"Tolkekrav sendt til utbetaling" inneheld: Alle krav som har status "Utbetalt" eller "Sendt til utbetaling".

"Tolkekrav som ikkje er utbetalt" inneheld: Krav som er returnert anten til tolk eller advokat, eller krav som er avslått av Fylkesmannen. 

Sakshandsamar kan godkjenne, avslå eller endre krav. Det er også moglegheit for å returnere krav til anten tolk eller advokat, dersom det manglar dokumentasjon. Ved sending av krav til utbetaling, vil saka automatisk endre status til "Sendt". Hugs derfor å markere saken som "Utbetalt" når du har kvittert den ut i Contempus. Dette fungerer på same måte som for stykkpris/søknad.

Dersom ein tolk er personleg tolk, er det ikkje mogleg å sende denne til utbetaling på same måte som krav sendt inn frå tolk med firma. Krav skal betalast ut som lønn til tolken, og må derfor skrivast ut på papir, og leverast til økonomiavdelinga hjå kvart embete for utbetaling.

Publisert: 28.11.2016 Sist endra: 28.11.2016


Statusbegrep i løysinga - tolkekrav

Her finn du oversikt over ulike statusbegrep som er nytta i løysinga på tolkekrav:

Begrep Forklaring
UnderUtfylling Krav du har starta utfylling av og kan fortsette utfylling seinare
LevertAdvokat Krav som er sendt til advokat, og avventer godkjenning av advokaten
AvvistAdvokat Krav som er avvist av advokaten
GodkjentAdvokat Krav som er godkjendt av advokat, og er sendt til Fylkesmannen for sakshandsaming/utbetaling
LevertFM Krav som er sendt direkte  til Fylkesmannen for sakshandsaming/utbetaling
Utbetalt Krav som er utbetalt av Fylkesmannen
Avslått Krav som er avslått av Fylkesmannen
Sletta Krav som er sletta
RetunertAdvokatTolk Krav som er sendt tilbake frå advokat til tolk for redigering
ReturnertFmAdvokat Krav som er retunert frå Fylkesmannen til advokat for redigering av krav
ReturnertFmTolk Krav som er retunert frå Fylkesmannen til tolk for redigering av krav