Facebook | Twitter Skriv ut

Informasjon om ID-porten

Frå 5. januar 2015 vil vi ta i bruk ei ny innloggingsløysing, ID-porten.

Brukarar som har Buypass smartkort kan framleis nytte dette til å logge inn i løysinga. I tillegg kan MinID, BankID og Commfides nyttast til å logge inn.

ID-porten er ei felles innloggingsløysing til offentlege tenester på nett og tilbyr sikker innlogging ved bruk av elektronisk ID.

Innloggingsløysinga vert drifta av Direktoratet for Forvaltning og IKT (Difi). Her finn du informasjonen Difi har lagt ut om ID-porten på sine sider.

Brukarstøtta til Difi tilbyr rettleiing ved valg av elektronisk ID og hjelp til innlogging. Her er informasjon om korleis du kan kontakte brukarstøtta for ID-porten.

Publisert: 07.12.2014 Sist endra: 07.12.2014