Facebook | Twitter Skriv ut

Kva er fri rettshjelp?

Fri rettshjelp er i hovudsak advokatbistand som heilt eller delvis blir dekka av staten. Fri rettshjelp omfattar både fritt rettsråd og fri saksførsel. Fritt rettsråd er rettleiing og hjelp i juridiske spørsmål utanfor rettargang. Fri sakførsel er rettshjelp i saker som går for domstolane.

Fri rettshjelp kan gjevast i sakstypar som familiesaker, klagesaker til NAV, erstatning for personskade, ved søknad om valdsoffererstatning, oppseiing/utkasting av bustad eller oppseiing/avskil i arbeidsforhold.

For å få fri rettshjelp i desse sakene må inntekta di ikkje vere over 246.000 dersom du er einsleg eller over 369.000 for husstandar. Nettoformuen må ikkje vere over 100.000 kroner. Fylkesmannen kan i enkelte tilfelle dispensere frå inntekts- og formuesgrensene.

Uavhengig av inntekt og formue kan ein få fri rettshjelp i utlendingssaker, i barnevernsaker for Fylkesnemnda for sosiale saker, i saker for Kontrollkommisjonen for psykisk helsevern, i saker om militærnekting, saker om tvangsekteskap, saker der ein som valdsoffer krev erstatning av gjerningsmannen, saker om erstatning for straffeforfølging og i saker som gjeld melding til politiet om menneskehandel.

I andre saker kan ein unntaksvis få fri rettshjelp etter ei konkret vurdering. Dersom ein kan få hjelp andre plassar, som til dømes forsikring som dekkjer utgiftene til juridisk bistand eller råd og rettleing av eit offentleg kontor, får ein som hovudregel ikkje fri rettshjelp.

Du kan lese meir om fri rettshjelp her.

Publisert: 06.10.2014 Sist endra: 06.10.2014