Facebook| Twitter Skriv ut

Endringar i rettshjelpslova

Det er vedteke endringar i lov 13.juni 1980 nr.35 om fri rettshjelp frå 1.juli 2017.

Det kjem inn ein ny prioritert sakstype i § 11 første ledd nr. 8, og den nye føresegna lyder slik:

8. for pasienter i saker for fylkesmannen om undersøkelse og behandling uten eget samtykke etter psykisk helsevernloven § 4-4.

Lovendringa betyr at pasientar får rett til fritt rettsråd utan behovsprøving i dei aktuelle sakene. Endringa får verknad for oppdrag som vert påbegynt etter 1.juli 2017.

Frå same tidspunkt vert det gjort følgjande endringar i stykkprisforskrifta § 5 andre ledd nr.13:

Saker for fylkesmannen om undersøkelse og behandling uten eget samtykke etter psykisk helsevernloven, jf. rettshjelploven § 11 første ledd nr. 8:

5 ganger den offentlige salærsats.

Stykkprisen for den nye prioriterte sakstypen er på 5 gonger salærsatsen.

Den nye sakstypen og stykkprisen vert lagt inn i den elektroniske skjemaløysinga for fritt rettsråd i løpet av måndag 3.juli 2017. 

Ønskjer du å lese meir om lovendringa, kan du sjå Prp. 147 L (2015-2016) og Innst 147 L (2016-2017). 

Publisert 30.06.2017 Sist endra 30.06.2017