Facebook| Twitter Skriv ut

No blir det snart enklare for tolkar å levere salærkrav i fritt rettsråd-saker

Vi har byrja arbeidet med å leggje til rette for at tolkar kan sende salærkrav for tolkeoppdrag elektronisk via den elektroniske skjemaløysinga for fritt rettsråd. Oppdraget er gitt og finansiert av Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD).

Dagens praksis er at tolkar sender salærkrava sine per post til fylkesmennene etter utført tolkeoppdrag saman med attestasjon frå advokaten. Når den nye funksjonen er på plass, vil tolkar få moglegheit til å levere salærkrava sine elektronisk i fritt rettsråd-saker ved pålogging via www.rettsrad.no. Dersom tolkane allereie har fått naudsynt attestasjon frå advokaten ved innsending, kan kravet sendast elektronisk direkte til det embetet fritt rettsråd-saka høyrer heime. Alternativt kan tolkane sende kravet elektronisk til den advokaten som har bestilt oppdraget, som deretter kan attestere (godkjenne) elektronisk direkte i skjemaløysinga. Etter attestering blir kravet sendt elektronisk til rett embete for behandling/utbetaling.

Det er utarbeidd ein plan for arbeidet, og målet er at den nye funksjonen er klar innan utgangen av året. Før løysinga blir gjort tilgjengeleg for alle, vil det bli gjennomført ein testperiode og ein pilotperiode. Den nye funksjonen byggjer i stor grad på den eksisterande skjemaløysinga, og vil derfor ikkje krevje særleg opplæring for eksisterande brukarar av løysinga. Men det vil sjølvsagt bli utarbeidd detaljerte brukarrettleiingar for både tolkar og eksisterande brukargrupper i samband med lansering av den nye funksjonen.

Når den nye funksjonen er på plass, vil det framleis vere mogleg for tolkane å sende inn salærkrava per post som før. Men på sikt håpar vi at dei fleste salærkrava frå tolkane i fritt rettsråd-saker blir sendt inn elektronisk. Den nye funksjonen vil utvilsamt føre til ei meir effektiv behandling av desse sakene. Embeta vil få oppdatert informasjon om det pågåande arbeidet utover hausten. 

Publisert 05.09.2016 Sist endra 05.09.2016