Facebook| Twitter Skriv ut

No blir det snart mogleg for tolkar å sende inn salærkrav elektronisk

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har utvikla ei elektronisk skjemaløysing som gjer det mogleg for tolkar å sende inn salærkrav elektronisk i fritt rettsråd-saker via rettsrad.no. Frå og med måndag 7.november 2016 vil utvalde tolkefirma og embete få teste løysinga i ein pilotperiode, og innan utgangen av året er målet at den nye løysinga kan takast i bruk av alle tolkefirma, tolkar og embete.

På oppdrag av Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD), har Fylkesmannen i Sogn og Fjordane arbeidd med å leggje til rette for at tolkar kan sende salærkrav for tolkeoppdrag i fritt rettsråd-saker elektronisk via den elektroniske skjemaløysinga for fritt rettsråd.

Den elektroniske skjemaløysinga for tolkar byggjer på dei same funksjonane som allereie er etablert for advokatar og advokatfullmektigar i fritt rettsråd-saker. Tolkane kan logge seg på løysinga via www.rettsrad.no ved bruk av Min Id, BankId, Buypass ID, Commfides (ID-porten).

For å registrere og sende inn tolkekrav, må tolkane opprette ein profil etter pålogging første gong. Kvart enkelt tolkeoppdrag må knytast til ein advokat. Er tolkeoppdraget bestilt av ein advokat som er brukar av rettsrad.no, kan kravet sendast for godkjenning til advokaten i løysinga. Viss ikkje advokaten er brukar på rettsrad.no, kan kravet sendast direkte til rett embete for godkjenning dersom nødvendig dokumentasjon blir lagt ved.

Dersom tolkane allereie har fått naudsynt attestasjon (dokumentasjon) frå advokaten ved registrering av kravet, kan kravet sendast elektronisk direkte til det embetet saka høyrer heime, der nødvendig dokumentasjon blir lasta opp som vedlegg, typisk kan dette vere eit skjema frå advokaten der han/ho stadfestar tolkeoppdraget og kopi av oppnemningsdokument frå Utlendingsdirektoratet (UDI) i asylsaker.

Frå måndag 7.november vil utvalde tolkar og tolkefirma, saman med fem fylkesmannsembete, få tilgang til å ta i bruk løysinga i ein pilotperiode på to veker. Dersom det ikkje dukkar opp større problem i pilotperioden, er målet at den nye funksjonen blir tilgjengeleg for alle tolkefirma, tolkar og embete innan utgangen av året.

Når den nye funksjonen er på plass, vil det framleis vere mogleg for tolkane å sende inn salærkrava per post som før. Men på sikt håpar vi at dei fleste salærkrava frå tolkar i fritt rettsråd-saker blir sendt inn elektronisk, og at dette vil sikre ei meir effektiv behandling og raskare utbetaling av desse salærkrava. 

Publisert 04.11.2016 Sist endra 04.11.2016


Kontakt

Ove Midtbø
seniorrådgjevar
Tlf. 57 64 31 76