Facebook| Twitter Skriv ut

No kan tolkar sende inn salærkrav elektronisk i fritt rettsråd-saker

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har utvikla ei elektronisk skjemaløysing som gjer det mogleg for tolkar å sende inn salærkrav elektronisk i fritt rettsråd-saker. Den nye skjemaløysinga er tilgjengeleg på www.rettsrad.no frå måndag 28.november 2016 kl.12.

På oppdrag frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD), har Fylkesmannen i Sogn og Fjordane lagt til rette for at tolkar kan sende inn salærkrav for tolkeoppdrag i fritt rettsråd-saker elektronisk. Den elektroniske skjemaløysinga for tolkar byggjer på dei same funksjonane som allereie er etablert for advokatar og advokatfullmektigar i fritt rettsråd-saker. Tolkane kan logge seg på løysinga via www.rettsrad.no ved bruk av Min Id, BankId, Buypass ID, Commfides (ID-porten).

For å registrere og sende inn tolkekrav, må tolkane opprette ein profil etter pålogging første gong. Kvart tolkeoppdrag må knytast til ein advokat. Tolkekrav kan sendast for godkjenning til advokatar som allereie er elektroniske brukarar av skjemaløysinga, eller kravet kan sendast direkte til fylkesmannen for godkjenning og utbetaling.

Etter ein pilotperiode der nokre utvalde tolkefirma og fylkesmannsembete har vore med å teste den elektroniske skjemaløysinga, vert den nye funksjonen no gjort tilgjengeleg for alle frå og med måndag 28.november 2016 kl.12.

www.rettsrad.no er det lagt ut utfyllande informasjon om løysinga, og det er laga rettleiingar til tolkane som ny brukargruppe, men også til advokatane og sakshandsamarane hos fylkesmannsembeta.

Sjølv om den nye funksjonen no er på plass, vil det framleis vere mogleg for tolkane å sende inn salærkrava per post som tidlegare. Men vi håpar den nye elektroniske skjemaløysinga på sikt vil føre til at dei fleste salærkrava frå tolkane i fritt rettsråd-saker blir sendt inn elektronisk. Elektronisk innsending vil uansett sikre ei meir effektiv behandling og raskare utbetaling av salærkrava frå tolkane i fritt rettsråd-sakene. 

Om du vil vite meir om den elektroniske skjemaløysinga, finn du meir informasjon på www.rettsrad.no. Har du spørsmål kan du også ta kontakt med Brukarstøtte.

Publisert 28.11.2016 Sist endra 28.11.2016