Facebook| Twitter Skriv ut

Ny funksjon på rettsrad.no

Vi har i dag lagt til ein ny funksjon i den elektroniske skjemaløysinga rettsrad.no.

Det er lagt til  ny obligatorisk avkryssingsboks i skjemaet. Desse endringane er i tråd med retningslinene i rundskriv SRF-1/2017, og medfører i realiteten ingen endringar for advokaten.  Føremålet er at advokaten skal kunne krysse av i desse boksane slik at sakshandsamar ikkje treng  innhente slik informasjon, dersom det ikkje vert oppgitt i grunngjevingsteksten. Når advokaten har kryssa av her kan vi gå ut frå at advokaten er opplyst om tilhøve og har sjekka dette. Det skal då i utgangspunktet ikkje nødvendig med ytterlegare informasjon om tilhøvet under sakshandsaminga.

 

Saker som gjeld vurdering av forhold av betydning for anmeldelse, jf. rettshjelplova § 11 første ledd nr. 6.

 

I prioriterte saker utan behovsprøving som gjeld rett for fornærma til konsultasjon før anmeldelse er det no lagt til ein obligatorisk avkryssingsboks under opplysningar om saka.

 

Advokaten må no kryssa av i boksen for om "Saka er ikkje anmeldt" for å kome vidare i skjemaet. Dette gjeld både under stykkpris og under søknad. 

 

Dersom forholdet, etter ei vurdering av advokaten, blir anmeldt og det blir oppnemnt bistandsadvokat vil bistanden med å vurdere anmeldelse godtgjerast som en del av bistandsadvokatoppdraget etter straffeprosesslova §107a.

 

Dersom forholdet blir anmeldt, men det blir ikkje oppnemnt bistandsadvokat og forholdet blir henlagt, kan det hukast av for at saka ikkje er anmeldt. Då bør advokaten skrive noko om dette under utgreiinga til saka.

 

Publisert 02.07.2020 Sist endra 02.07.2020