Facebook| Twitter Skriv ut

Nye funksjonar på rettsrad.no

Vi har lagt ut nokre nye funksjonar og nokre feilrettingar i skjema. Du finn liste over dei viktigaste endringane under:

Søkefelt:

Advokat har ikkje tidlegare hatt søkefelt for å finne igjen saker. Dette er no lagt inn. I søkefeltet kan du skrive inn minst 4 teikn i søkefeltet, og det blir gjort eit automatisk søk. Ved å skrive inn minst 4 teikn slepp du å klikke «Søk». Søket kombinerer søkefelt OG periode. Dette er derfor viktig at riktig periode er valgt ved søk etter saker.

Det er også lagt inn ‘autofocus’ på søkefeltet. Det vil sei at du kan skrive inn mindre enn 4 teikn i søkefeltet, og klikke på «Søk» eller trykke enter-tasten. Då søker du på referansenummer(ticket) og periode (frå-til dato).

Filtreringfunksjonalitet er framleis tilgjengeleg. Dette er for å søke på f.eks klient.

Meldingar mellom advokat og sakshandsamar:

Tidligare har det vore eit problem at fullmektigar ikkje har sett meldingane som er sendt inn på ei sak som fullmektigane har sendt inn. Meldingane gjekk til prinsipalen (eigar av sak), og ikkje fullmektig (innsendar). Dette er no korrigert, og innsendar får meldingane (ikkje eigaren). Dvs. fullmektig skal no få tilgang til desse meldingane.

Nytt er også i oversikt over meldingar, som har fått to nye kolonnar. Den eine er namn på klient, den andre kolonne er namn på sakshandsamar. Merk, her er det ikkje søke felt, men filtreringsfunksjonalitet.

E-post om ny melding i meldingsboksen:

Dette er ein ny funksjonalitet. Under «Min profil» kan du velje om du vil få e-postvarsel for nye meldingar i meldingsboksen. Dette varselet vil bli sendt til den e-postadressa som er registrert under min profil. Du kan huke av for denne, og hugs å klikk «Oppdater» for at endringane skal tre i kraft. 

Økonomisk fellesskap i skjemaet:

Tidlegare var det berre mogleg å legge inn fødselsnummer på økonomisk fellesskap. Dette er no lagt til rette at ein kan legge til fødselsnummer, fødselsdato eller DUF-nummer på relasjonane. 

Publisert 22.08.2016 Sist endra 29.08.2016


Abonner på nyhende

Dersom du ønskjer å motta nyhende frå rettsrad.no, kan du registrere deg her.

Abonner på nyhende.