Facebook| Twitter Skriv ut

Nye funksjonar på rettsrad.no

Vi har i dag lagt til nokre nye funksjonar og gjort nokre mindre endringar i den elektroniske skjemaløysinga rettsrad.no. 

Saker om foreldreansvar, dagleg omsorg og samværsrett

I saker om foreldreansvar, dagleg omsorg og samværsrett, er det krav om at mekling skal gjennomførast mellom partane, jf. ekteskapslova § 26 og barnelova § 51. Dersom mekling ikkje er gjennomført, kan ikkje advokaten eigeninnvilge fritt rettsråd, jf. rundskriv SRF-1/2017 pkt. 6.4.2. Ved val av denne sakstypen i stykkprissaker, kjem det no opp ein «avkryssingsboks» som er obligatorisk for advokat/advokatfullmektig/rettshjelpar å markere før han/ho får gå vidare i skjemaet. For søknader er avkryssingsboksen valfri.

Søknad om fri sakførsel i uprioriterte saker

Etter rettshjelpsforskrifta § 4-2 er det Fylkesmannen som har kompetanse til å innvilge fri sakførsel i uprioriterte saker etter rettshjelpslova § 16, 3.ledd, sjå rundskriv SRF-1/2017 pkt. 2.6.2. Vi har derfor lagt til rette for at advokatar/advokatfullmektigar/rettshjelparar kan sende inn søknader om fri sakførsel i uprioriterte saker gjennom den elektroniske skjemaløysinga. Ved val av upriortert sak under utfylling av skjema, kan søkjar velje mellom fritt rettsråd i uprioriterte saker etter rettshjelpslova § 11 tredje ledd, eller fri sakførsel i uprioriterte saker etter rettshjelpslova § 16 tredje ledd.

Endringar i statusomgrep mm.

Elles er det gjort nokre mindre endringar i skjemaløysinga på grunnlag av tilbakemeldingar frå brukarane sidan førre oppdatering. Mellom anna er det gjort endringar i statusomgrepa for dei elektronisk innsendte sakene. Det er lagt til nye statusar «Avslått» og «VentSvar», og i tillegg er statusen «Sendt» erstatta med «Utbetalt». Endringane i statusomgrepa er gjort for å sikre ein meir presis informasjon i saksoversiktene til advokatane/advokatfullmektigane/rettshjelparane og for sakshandsamarane hos fylkesmannsembeta. Det er også gjort nokre mindre endringar i hjelpetekstar og sakshandsamingsfunksjonar.

 

Om du har spørsmål, kan du ta kontakt med Brukarstøtte på rettshjelp@fylkesmannen.no .

 

Publisert 16.05.2017 Sist endra 18.05.2017


Statusbegrep på saker i løysinga

Her finn du oversikt over ulike statusbegrep som er nytta i løysinga på søknader og stykkpris saker:

Begrep Forklaring
Ny  Nye søknader/stykkprissaker som ikkje er opna hjå Fylkesmannen.
Lest  Søknader/stykkprissaker som er opna og lest, evt. under handsaming hjå  Fylkesmannen.
Godkjent  Blir brukt på elektroniske søknader der det ikkje er lagt ved salærkrav, og  som blir godkjent av Fylkesmannen. I slike saker må  advokat/fullmektig/rettshjelpar sende inn ny sak vedlagt krav/faktura til  Fylkesmannen i tråd med tidlegare godkjenning.
Avvist  Krav som ikkje blir handsama på grunn av at dei er feilsendt, manglar  tilstrekkelege opplysningar e.l. Denne statusen skal nyttast for krav der det  ikkje er mogleg å vurdere om vilkåra for fritt rettsråd er oppfylt. 
Utbetalt  Krav som er sendt til utbetaling/utbetalt av Fylkesmannen.
Sletta  Krav som er sletta. Desse forsvinn frå oversikta til advokat/sakshandsamar, men kan søkjast opp att av administrator.
Avslått  Krav som er avslått av Fylkesmannen fordi vilkåra for fritt rettsråd ikkje er  oppfylt. Gjeld både eigeninnvilga stykkprissaker som blir omgjort og  søknader som blir avslått.
VentSvar  Søknad/stykkprissaker der sakshandsamar har etterspurt ytterlegare  informasjon i saka, og ventar på svar frå advokat/fullmektig/rettshjelpar.