Facebook| Twitter Skriv ut

Nytt rundskriv og nye salærsatsar i rettshjelpssaker

Statens sivilrettsforvaltning har utarbeidd eit nytt rundskriv om fri rettshjelp. Rundskrivet erstattar Justisdepartementet sitt rundskriv G-12/05. 

Strukturen i rundskrivet er i hovudsak som tidlegare, og den største endringa er at retningsliner og praksis er oppdatert. Det nye rundskrivet tek til å gjelde frå 1. januar 2017. 

Det er også vedteke at ny salærsats i rettshjelpssakene blir på kr. 1 020,- frå 1. januar 2017. Ny tolkesats for 2017 vert då kr. 816,-. Dei nye salærsatsane vil bli oppjustert i den elektroniske skjemaløysinga for fritt rettsråd frå årskiftet. I menyen til høgre finn du lenkjer til det nye rundskrivet og til informasjon om lovendringane.

Publisert 22.12.2016 Sist endra 22.12.2016