Facebook| Twitter Skriv ut

Rettshjelpstiltak for personar som er råka av EØS-saka i Nav – nye stykkprisar i løysinga

.

Regjeringa har etablert eit nytt særskilt rettshjelpstiltak utan behovsprøving for personar som er råka av Nav si feilaktige praktisering av trygdeforordninga i EU, jf. rettshjelplova § 7 tredje ledd. Ordninga trer i kraft umiddelbart. Rettshjelpstiltaket vil berre gjelde i dei sakene der nytt vedtak etter Nav sin eigen gjennomgang, ikkje endar med full omgjering til gunst for den det gjeld. Vidare vil tiltaket gjelde for krav om erstatning for dekning av økonomisk tap. På Nav sine heimesider er det gitt fyldig informasjon om kva personar skal gjere dersom dei meiner å vere råka av feil frå Nav i desse sakene. Det vil derfor ikkje vere behov for juridisk bistand frå advokat for å be om at eiga sak vert teke opp til ny vurdering.

I høgremenyen finn de lenkjer til rundskrivet og til meir informasjon på regjeringa sine sider.

Vi har i dag lagt til nye avkryssingsboksar i den elektroniske skjemaløysinga rettsrad.no som gjeld rettshjelpstiltak for personar som er råka av EØS-saka i Nav.

Når det er kryssa av for stykkpris eller søknad vil det kome opp ein eigen avkryssingsboks under «Vel aktuell stykkpristype»: «Særskilt rettshjelpstiltak som gjeld feilaktig praktisering av EØS-regelverk i NAV».

Når denne er valt vil ein under fana «Stykkpristype» få desse vala:

  • Vedtak om stans, avslag og/eller feilaktig tilbakebetaling er ikkje fullt ut omgjort til gunst
    1. Vurdere om nytt vedtak skal klagast på (3 gonger salærsatsen)
    2. Tillegg ved utarbeiding av klage til NAV Klageinstans/anke til Trygderetten (4 gonger salærsatsen)
  • Vedtak heilt eller delvis omgjort og mogleg økonomisk tap
    1. Vurdere erstatningskrav (3 gonger salærsatsen)
    2. Tillegg ved fremjing av erstatningskrav mot NAV (5 gonger salærsatsen)

Stykkprisen vil kome automatisk opp i «Samla krav».  

Same valmoglegheiter finn ein også ved å velje «Søknad». Dersom det skal søkjast om utvida bevilling er det same prosedyre som for andre sakstyper.

Publisert 20.12.2019 Sist endra 20.12.2019