Personvernerklæring

Om Fritt rettsråd

Elektronisk skjemaløysing der advokatar, advokatfullmektigar og rettshjelparar kan fylle ut og sende inn skjema for vedtak og søknader om fri rettshjelp til Statsforvaltaren. Tolkar har ei avgrensa tilgong til løysinga, ved at dei kan logge seg på og registrere og sende inn salærkrav for tolkeoppdrag i fritt rettsråd-saker.

Brukaren av skjemaet må stadfeste at klienten på førehand har gjeve eit informert samtykke til innhenting av personopplysningar frå folkeregisteret og likningsmyndigheiter. Samtykkeskjema kan lastast ned her.

Føremålet med å samle inn personopplysingar

Årsaka til at vi samlar inn og behandlar opplysningar om deg er at:

  • Du søker om fri rettshjelp på vegne av din klient
  • Du sender inn salærkrav for tolkeoppdrag i fritt rettsråd-saker
  • Du sender melding til Statsforvaltaren gjennom saksbehandlingsløysinga
  • Du sender ein klage på vedtak om fri rettshjelp på vegne av din klient

Behandlingsansvarleg

Kvart enkelt statsforvaltarembete, ved statsforvaltaren personleg, er behandlingsansvarleg for alle behandlingar av personopplysningar. Behandlingsansvarleg bestemmer føremålet med behandlinga av personopplysningar og kva hjelpemiddel som skal brukast. Oppfølginga av ansvaret er delegert til fleire i organisasjonen. Delegeringa omfattar berre oppgåvene og ikkje ansvaret.

Ved spørsmål til løysinga, kan brukerservice hjå Statsforvaltarens fellestenester (STAF) kontaktast på e-postadressa hjelp@statsforvalteren.no

Behandlingsgrunnlag

For at Statsforvaltaren skal kunne bruke personopplysningane dine må vi ha eit behandlingsgrunnlag, som er det same som rettsleg grunnlag. Det rettslege grunnlaget er enten heimel i lov eller forskrift, eller det kan vere eit frivillig, tydeleg og opplyst samtykke frå den personen som vi behandlar opplysningar om.

Behandlingsgrunnlaget vårt er som regel at vi har løyve til å behandle dei personopplysningane vi treng for å kunne utføre samfunnsoppdraget vårt. Dette er heimla i personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 bokstav e, artikkel 57 og artikkel 58 og forvaltningslova § 17.

Samtykke

Ved å logge inn i den digitale løysinga vår godtek du at vi behandlar personopplysningane dine i tråd med denne personvernerklæringa. For nokre tenester må du krysse av for at du samtykker før du kan ta i bruk den digitale løysinga.

Kva personopplysningar behandlar vi?

Dette er personopplysningane vi behandlar i denne sakstypen:

  • personnummer
  • adresse
  • telefonnummer
  • e-postadresse
  • kontonummer
  • organisasjonsnummer

Opplysningar frå andre kjelder

I nokre tilfelle kan vi også få opplysningar om deg frå andre partar:

  • opplysningar frå Tilsynsrådet for advokatvirksomhet (Tilsynet) om gyldig og aktiv advokatbevilling
  • opplysningar frå Enhetsregisteret
  • opplysningar frå Folkeregistert for å identifisere med namn brukarar som logger inn via ID- porten

Korleis lagrar vi personopplysningane?

Personopplysningane som vi brukar, blir lagra i desse systema:

  • saksbehandlingssystem
  • ePhorte

Kor lenge blir opplysningane lagra?

Statsforvaltaren har som statleg organ arkiveringsplikt for saksdokumenta våre. Opplysningar vi treng til saksbehandlinga blir arkivert i arkivløysinga vår etter gjeldande reglar. Kor lenge dokumentasjonen blir lagra, er regulert av reglane i arkivlova og ei rekkje andre lover og reglar.

Vi lagrar dine personopplysningar hjå oss så lenge det er naudsynt for det føremål personopplysningane vart samla inn for.

Informasjonskapslar (cookies)

Informasjonskapslar (cookies) er små tekstfiler som blir plasserte på datamaskina når du opnar ei nettside. Statsforvaltaren brukar informasjonskapslar til fire formål:

  • For at tenester på ein nettstad skal fungere
  • Innloggings-/brukerinformasjon for innlogga del
  • For å tilby skjemafunksjonalitet
  • For å analysere bruken av nettstaden og kartleggje forbetringspotensial

Du kan klikke her dersom du vil vite eksakt kva informasjonskapslar som blir brukt for denne tenesta.

Du kan blokkere og tillate informasjonskapslar via innstillingane i nettlesaren. Les meir om korleis du kan gjere dette på Nettvett.no.

Rettane dine

Personopplysningar om deg er dine eigne, og personopplysningslova gir deg mange rettar slik at du skal kunne verne om dine eigne personopplysningar. 

  • Du kan be om ein kopi av alle opplysningane vi har om deg
  • Du kan be oss rette eller supplere opplysningar som er feil eller misvisande
  • I bestemte tilfelle kan du be oss slette opplysningar om deg sjølv
  • I nokre tilfelle kan du be oss avgrense behandlinga av opplysningar om deg, eller du kan protestere mot at vi behandlar opplysningar om deg
  • Du kan klage på behandlinga vår av personopplysningar
  • Dersom vi behandlar opplysningar om deg med grunnlag i oppgåvene våre eller fordi det er nødvendig for å ivareta legitime interesser, har du rett til å protestere på behandlinga av opplysningar om deg

Dersom du har spørsmål om dette kan du kontakte oss på hjelp@statsforvalteren.no

Kontakt personvernombodet

Statsforvaltaren har eit eige personvernombod du kan kontakte dersom du har spørsmål om korleis Satsforvaltaren behandlar personopplysningar om deg, eller du treng hjelp i samband med dei rettane det utløyser for deg at vi behandlar personopplysningane dine. Personvernombodet har teieplikt. Du kan kontakte personvernombodet via e-postadressa personvernombud@statsforvalteren.no. Du kan også lese meir om rettane dine på nettstaden til Datatilsynet.

Du kan klage på behandlinga av personopplysningar

Vi oppmodar deg til å ta kontakt med oss dersom du meiner at vi bryt reglane i personopplysningslova. I første omgang kan du gjerne seie frå gjennom den kontakten eller kanalen du alt har etablert med oss. Du kan også kontakte personvernombodet vårt for å få råd og rettleiing. Personvernombodet har teieplikt og du kan be vedkommande ikkje ta saka vidare dersom du ønskjer det.

Du kan også klage på behandlinga av personopplysningar. Send klagen til Statsforvaltaren som behandlar saka din anten via sikker melding eller i brevs form. Dersom vi ikkje gir deg medhald i klagen, sender vi klagen din vidare til Kommunal- og distriktsdepartementet.

Publisert 04.08.2021, Sist endret 10.01.2022