Endringar på rettshjelpsområdet

Det er gjort fleire endringar i regelverket for fri rettshjelp med verknad frå 1.juli 2022. Dette gjeld både i rettshjelplova, rettshjelpforskrifta, stykkprisforskrifta og salærforskrifta.

Endringane er som følgjer

  • Rettshjelplova § 11 andre ledd nr.4: Tvistar om oppseiing etter husleigelova § 9-8 er ikkje lenger omfatta av føresegna. Det er berre saker om utkastelse frå bustad etter tvangsfullbyrdelseslova § 13-2 tredje ledd bokstav c som fell inn under føresegna frå 1.juli 2022.
  • Rettshjelpforskrifta er utvida med ny § 3-6 og § 4-7: Frå 1.juli 2022 er det obligatorisk for advokatar og rettshjelparar å bruke den elektroniske skjemaløysinga rettsrad.no for innsending av søknad, arbeidsoppgåve eller skjema for eigeninnvilging til statsforvaltaren.
  • Stykkprisforskrifta § 5 andre ledd nr.1 bokstav a: I utlendingssaker som gjeld utvisning, der utlendingen har mindreårige barn som er busett i Norge og som er norske borgarar eller har opphaldsløyve eller opphaldsrett i Norge, gis eit tillegg med 3 ganger salærsatsen for kvart barn som blir berørt. Ved klage i tilsvarande saker, gis eit tillegg med 2 ganger salærsatsen for kvart barn som blir berørt.
  • Salærforskrifta § 8 andre ledd: Føresegna om reisefråvær er endra med verknad frå 1.juli 2022. Salæret for reisefråvær vert fastsett til 0,7 ganger salærsatsen.

Den elektroniske skjemaløysinga www.rettsrad.no blir oppdatert i tråd med endringane i løpet av kort tid. Det same gjeld rundskriv SRF-1/2017 om fri rettshjelp og Justis- og beredskapsdepartementet sine rettleiarar til stykkprisforskrifta og salærforskrifta.

Publisert 01.07.2022