Fritt rettsråd
Rettshjelpskalkulator Brukarstøtte
Rettsråd
Nyhende

Nyhende

10.09.2024

Endringar i rettshjelplova og stykkprisforskrifta frå 1. september 2024

Frå 1. september 2024 er det vedteke endringar i rettshjelplova § 11 første ledd nr. 9 og stykkprisforskrifta § 5 andre ledd nr. 13. Endringa inneber at ungdom som vurderer å klage eller som klagar etter konfliktrådslova § 22e har krav på fritt rettsråd utan økonomisk behovsprøving. Bistanden dekkjast med ein stykkpris på 3 timar.

29.03.2023

Endringar i stykkprisforskrifta i utvisningssaker

Frå 1.april 2023 er det vedteke endringar i stykkprisforskrifta i utvisningssaker. Endringa inneber at det ikkje gis fritt rettsråd i saker der forhåndsvarsel om utvisning gis samtidig med vedtak som fastset ein utreisefrist. Ved klage i slike saker, gis det ein stykkpris med 4 gonger salærsatsen. Den nye stykkprisen på klagestadiet i desse utvisningssakene, er lagt inn i den digitale skjemaløysinga for fritt rettsråd. Her kan du lese meir om forskriftsendringa.

02.01.2023

Endringar i rettshjelplova frå 1.januar 2023

Det er vedteke fleire endringar i rettshjelplova med verknad frå 1.januar 2023. Mellom anna er det vedteke å heve inntekts- og formuesgrensene.

  • Forrige
  • 1
  • 2
  • 3
  • 4
  • Neste

Fritt rettsråd

Den elektroniske skjemaløysinga for fritt rettsråd
© 2021 STAF

Personvernerklæring

Tilgjengelegheitserklæring

Statsforvaltarens fellestenester (STAF)
Postboks 788 Stoa, 4809 Arendal
Organisasjonsnummer: 921627009