Rundskriv og rettleiarar

Statens sivilrettsforvaltning har utarbeidd eit nytt rundskriv, SRF-1/2017. Rundskrivet erstattar Justisdepartementet sitt rundskriv G-12/05.

Rundskriv er orienteringar fra departementa til dei det vedkjem om tolkingar av lover og forskrifter.

Rundskriv SRF-1/2017 omhandlar praktiseringa av regelverket kring området for fri rettshjelp. 

Nytt rundskriv G-05/2019 om særlege rettshjelptiltak i samband med feilaktig praktisering av tilgangen til å motta sjukepengar, arbeidsavklaringspengar og pleiepengar ved førebels opphald i eit anna EØS-land. 

Justis- og beredskapsdepartementet sin rettleiar til forskrift 3. desember 1997 nr. 1441 om salær frå det offentlege til advokatar m.v. erstattar frå 01.01.2020 tidlegare kommentarar til salærforskrifta.

Justis- og beredskapsdepartementet sin rettleiar til forskrift 12. desember 2005 nr. 1442 om salær frå det offentlege til advokatar m.fl. etter faste satsar (stykkprissatsar) ved fri rettshjelp og i straffesaker erstattar tidlegarere kommentarar til stykkprisforskrifta.

Rundskriva og rettleiarar finn du ved å trykkje på lenkjene.