Vilkår for bruk
Om rettsrad.no
Elektronisk skjemaløysing der advokatar, advokatfullmektigar og rettshjelparar kan fylle ut og sende inn skjema for vedtak og søknader om fri rettshjelp til Statsforvaltaren. Tolkar har ei avgrensa tilgang til løysinga, ved at dei kan logge seg på og registrere og sende inn salærkrav for tolkeoppdrag i fritt rettsråd-saker.
Elektronisk skjema gjer ingen endringar i høve til rettar og plikter etter forvaltningslova, eller etter andre lover og føresegner som regulerer forvaltninga sitt virke. Heller ikkje gjer skjema endringar i lover og forskrifter som gjeld for advokatverksemd så som teieplikt og god advokatskikk.
Tilhøve til vilkår for tildeling av fri rettshjelp
Elektronisk skjema byggjer på dei reglane og føresegnene som til ei kvar tid gjeld for tildeling av fri rettshjelp. Der den elektroniske løysinga vurderer vilkår etter lov og forskrift automatisk, er Statsforvaltaren ansvarleg for at desse funksjonane er i samsvar med dei reglar og føresegner som til ei kvar tid gjeld.
Særlege reglar for elektronisk sakshandsaming
Brukaren av skjemaet må stadfeste at klienten på førehand har gjeve eit informert samtykke til innhenting av personopplysningar frå folkeregisteret og likningsmyndigheiter. Samtykkeskjema kan lastast ned frå Statens sivilrettsforvaltning sine sider.
Søkjar (klient) har rett til innsyn etter reglane i artikkel 15 i personopplysningslovens om all informasjon som er lagra om han i elektronisk løysing, og skal varslast/opplysast om at det blir innhenta informasjon om ho/han etter reglane i artikkel 15 i personopplysningslova. Om advokaten vel å varsle i eiga oppdragsavtale, er han sjølv ansvarleg for at det går fram at klienten har gitt eit informert samtykke til innhenting av personopplysningar elektronisk.
Gjensidige rettar og plikter
Kven har rett til å nytte ordninga
Advokatar og rettshjelparar som er registrerte med aktiv bevilling hjå Tilsynsrådet for advokatverksemd har rett til å nytte ordninga med elektronisk oversending av vedtak og søknad om fri rettshjelp. Advokatar kan delegere tilgang til advokatfullmektigar, og tolkar har ein avgrensa tilgang for å kunne registrere og sende inn salærkrav for tolkeoppdrag.
Kva kan ordninga nyttast til:
- sende inn søknader eller salæroppgåver i saker etter lov om fri rettshjelp der Statsforvaltaren skal betale utbetale salær eller handsame søknad
- avklare om klient fyller vilkåra om fri rettshjelp i saker der Statsforvaltaren skal betale salær eller handsame søknad.
I tillegg må det ligge føre samtykke frå klient til innhenting av personopplysingar.
Bruk av ordninga til andre formål, som til dømes å skaffe seg informasjon om personlege tilhøve utan samtykke frå den det gjeld, blir rekna som misbruk av ordninga.
Nekte tilgang
Statsforvaltaren kan med umiddelbar verknad nekte ein advokat tilgang til skjemaløysinga dersom:
- han/ho blir teken ut av Tilsynsrådet for advokatverksemd si database over advokatar med aktiv bevilling, eller
- misser eller seier frå seg advokatbevillinga,
- grunngjeve mistanke om at advokaten nyttar skjema til andre føremål enn det er tiltenkt som til dømes å urettmessig skaffe seg til tilgang til personopplysningar på andre enn klientar ho eller han har tildelt eller vil søkje om fri rettshjelp for,
- grunngjeve mistanke om at advokaten har søkt å skaffe seg salær etter ordninga med fri rettshjelp på urettmessig grunnlag.
Andre brukarar (rettshjelparar, advokatfullmektigar, tolkar), kan også bli nekta tilgang til skjemaløysinga ved tilsvarande årsaker som nemnt ovanfor under punkt 1, 2, 3 og 4.
Samtykke frå søkjar/klient til å hente inn personopplysningar
Advokat som nyttar ordninga pliktar å skaffe informert samtykke på slikt skjema som Statsforvaltaren bestemmer før advokaten enten:
- å vurdere om søkjaren (klienten) fyller vilkåra for rettshjelp, eller
- sender inn sak/søknad
Innsyn i skjema for samtykke
Den som nyttar ordninga gjev samtykke til at Statsforvaltaren i samband med undersøking av misbruk, eller generelt tilsyn med ordninga, kan få innsyn i all skriven dokumentasjon der det går fram at klient/søkjar gjev samtykke til innhenting av personopplysingar.
Tilgang og vedlikehald
Eventuell stenging (nedetid) skal varslast på sida for pålogging.
Rettleiing og brukarstøtte
Statsforvaltarens fellestenester (STAF), på vegner av Statsforvaltaren, har plikt til å syte for brukarstøtte.
Avgrensing av ansvar PKI (public key management)
Løysing for bruk av PKI er leverandøren sitt ansvar. Krav om retting og hjelp i samband med funksjonsfeil og manglar ved kort/kortløysing, skal rettast til leverandør av PKI løysing.
Statsforvaltarens fellestenester (STAF) har ansvaret for at systemet støttar alle PKI løysingar som Statsforvaltarens fellestenester (STAF) har godkjent/opna for bruk for.
Advokaten/tolk/brukar sitt system
Statsforvaltaren har ikkje ansvar for feil/manglar som skuldast datamaskin/programvare i advokat/tolk/brukar sitt eige datasystem. Statsforvaltaren skal syte for at systemet støttar dei siste versjonane av dei mest brukte nettlesarane.
Datatryggleik
Elektronisk løysing gjer ingen endring i brukarane sitt ansvar for å syte for datatryggleik for eige datasystem etter dei reglane som til ein kvar tid gjeld for dette. Statsforvaltaren er ansvarleg for trygging av all datatrafikk som vert sendt via den elektroniske løysinga.
Personvernerklæring
Her finn du lenke til personvernerklæringa som er gjort tilgjengeleg i eige dokument.
Samtykke
Ved å logge inn på løysinga godtek du gjeldande «Vilkår for bruk» og «personvernerklæring».
Kontaktinformasjon
Ved spørsmål til løysinga, kan Statsforvaltarens fellestenester (teknisk brukarservice) kontaktast på e-postadressa hjelp@statsforvalteren.no