Facebook| Twitter Skriv ut

Nye funksjonar på rettsrad.no 2016

Utviklarane på rettsrad.no har laga til nye funksjonar for sakshandsamarane og advokatane på rettsrad.no. Vi har også hatt nokre feilrettingar i sjølve skjemaet. Dei største endringane er lista opp under.

Nytt for sakshandsamarane:

Søkefelt:

Nytt i søk er dette:

Søker no på ticket/ namn på advokatfirma/sakshandsamar OG periode på saker som ikkje er arkiverte. Periode må vera valgt.

I søkefeltet kan du skrive inn minst 4 teikn i søkefeltet, og det blir gjort eit automatisk søk. Ved å skrive inn minst 4 teikn slepp du å klikke «Søk». Søket kombinerer søkefelt OG periode. Dette er derfor viktig at riktig periode er valgt ved søk etter saker.

Det er også lagt inn ‘autofocus’ på søkefeltet. Det vil sei at du kan skrive inn mindre enn 4 teikn i søkefeltet, og klikke på «Søk» eller trykke enter-tasten. Då søker du på søkefelt og periode(frå til dato).Filtreringfunksjonalitet er framleis tilgjengeleg. Dette er for å søke på f.eks klient.

Meldingar mellom advokat og sakshandsamar:

Oversikt over meldingar har fått to nye kolonnar. Den eine er namn på klient, den andre kolonne er namn på sakshandsamar. Merk, her er det ikkje søke felt, men filtreringsfunksjonalitet.

Signatur i meldingar:

«Med helsing» låg tidlegare før signaturen i meldingar. Denne er no fjerna.

E-post om ny melding i meldingsboksen:

Dette er ein ny funksjonalitet. Under «Min profil» kan du velje om du vil få e-postvarsel for nye meldingar i meldingsboksen. Dette varselet vil bli sendt til den e-postadressa som er registrert under min profil. Du kan huke av for denne, og hugs å klikk «Oppdater» for at endringane skal tre i kraft. Ved utsending av ny melding frå advokat til sakshandsamar får "alle" sakshandsamarar som har vore med i meldingsutvekslinga i aktuell sak, e-post om dette dersom e-postvarselet er på i min profil.

Ved utsending av ny melding frå sakshandsamar til advokat får advokat e-post om dette dersom e-postvarselet er på i min profil.

Søk etter løyve i lister frå tilsynsrådet for advokatvirksomhet:

Dette er ny funksjonalitet. Du kan søke i løyver frå tilsynsrådet som er importert i databasen. (desse listene blir importert kvar måndag)

Denne knappen finn du heilt til høgre oppe ein knapp som heiter "Advokatløyver"

Skriv inn minst 4 teikn i søkefeltet og det vert søkt opp automatisk. Du slepp å klikke "Søk" ved å skrive inn minst 4 teikn.

Det er også lagt inn ‘autofocus’ på søkefeltet. Det vil sei at du kan skrive inn mindre enn 4 teikn i søkefeltet, og klikke på «Søk» eller trykke enter-tasten.

Etter ein har søkt opp, vil ein kunne utvide advokaten sin informasjon ved å klikke på den vesle pila til venstre, og få opp adresse, og telefonnummer.

Merk: Ein MÅ skrive i søkefeltet for å søke opp. Søke med blank fungerer ikkje.

Manuell e-faktura:

Det vert no synleg kva ticket (referansenummer) manuell e-faktura får etter ein klikkar "Opprett e-faktura". Dersom det vert klikka "Avslutt og gå til oversikt" eller "Avslutt og registrer nytt krav" vil sakshandsamar ha blitt oppgitt kva referansenummer saka har, og vil derfor bli lettare å finne igjen i oversikta.

Knapp: «Avslutt og gå til oversikt» : Kjem til framside etter å ha logga inn

Knapp: «Avslutt og registrer nytt krav» : Kjem direkte inn i opprett krav manuelt

 

Nytt for advokatane:

Søkefelt:

Advokat har ikkje tidlegare hatt søkefelt for å finne igjen saker. Dette er no lagt inn. I søkefeltet kan du skrive inn minst 4 teikn i søkefeltet, og det blir gjort eit automatisk søk. Ved å skrive inn minst 4 teikn slepp du å klikke «Søk». Søket kombinerer søkefelt OG periode. Dette er derfor viktig at riktig periode er valgt ved søk etter saker.

Det er også lagt inn ‘autofocus’ på søkefeltet. Det vil sei at du kan skrive inn mindre enn 4 teikn i søkefeltet, og klikke på «Søk» eller trykke enter-tasten. Då søker du på referansenummer(ticket) og periode (frå-til dato).

Filtreringfunksjonalitet er framleis tilgjengeleg. Dette er for å søke på f.eks klient.

Meldingar mellom advokat og sakshandsamar:

Tidligare har det vore eit problem at fullmektigar ikkje har sett meldingane som er sendt inn på ei sak som fullmektigane har sendt inn. Meldingane gjekk til prinsipalen (eigar av sak), og ikkje fullmektig (innsendar). Dette er no korrigert, og innsendar får meldingane (ikkje eigaren). Dvs. fullmektig skal no få tilgang til desse meldingane.

Nytt er også i oversikt over meldingar, som har fått to nye kolonnar. Den eine er namn på klient, den andre kolonne er namn på sakshandsamar. Merk, her er det ikkje søke felt, men filtreringsfunksjonalitet.

E-post om ny melding i meldingsboksen:

Dette er ein ny funksjonalitet. Under «Min profil» kan du velje om du vil få e-postvarsel for nye meldingar i meldingsboksen. Dette varselet vil bli sendt til den e-postadressa som er registrert under min profil. Du kan huke av for denne, og hugs å klikk «Oppdater» for at endringane skal tre i kraft.

Økonomisk fellesskap i skjemaet:

Tidlegare var det berre mogleg å legge inn fødselsnummer på økonomisk fellesskap. Dette er no lagt til rette at ein kan legge til fødselsnummer, fødselsdato eller DUF-nummer på relasjonane. 

Publisert 22.08.2016 Sist endra 29.08.2016