Facebook| Twitter Skriv ut

Nye funksjonar på rettsrad.no

Vi har i dag lagt til nokre nye funksjonar og gjort nokre mindre erndingar i den elektroniske skjemaløysinga rettsrad.no.

Det er lagt til  nye obligatoriske avkryssingsboksar i skjemaet. Desse endringane er i tråd med retningslinene i rundskriv SRF-1/2017, og medfører i realiteten ingen endringar for advokaten.   Føremålet er at advokaten skal kunne krysse av i desse boksane slik at sakshandsamar ikkje treng  innhente slik informasjon, dersom det ikkje vert oppgitt i grunngjevingsteksten.  Når advokaten har kryssa av her kan vi gå ut i frå at advokaten er opplyst om tilhøve og har sjekka dette. Det skal då i utgangspunktet ikkje nødvendig med ytterlegare informasjon om tilhøvet under sakshandsaminga.

 

Saker som gjeld erstatning for urettmessig straffeforfølging, jf. rettshjelplova § 11 første ledd nr. 3

I prioriterte saker utan behovsprøving som gjeld erstatning for urettmessig straffeforfølging er det lagt ein obligatorisk avkryssingsboks under opplysningar om saka.

 

Advokaten må no kryssa av i boksen for om "Søkjar har eller har hatt status som sikta, jf. straffeprosesslova § 82", for å kome vidare i skjemaet. Dette gjeld både under stykkpris og under søknad. Personar som ikkje har vore "siktet", jf. strpl. § 82, har ikkje krav på fritt rettsråd etter denne føresegna, jf. SRF-1/2017 s. 35.

 

Saker som  gjeld søknad og klage over avslag om voldsoffererstatning, jf. rettshjelplova § 11 andre ledd nr. 6

I prioriterte saker med behovsprøving som gjeld søknad og klage over avslag om voldsoffererstatning er det lagt til ein obligatorisk avkryssingsboks under opplysningar om saka.

 

Advokaten må no kryssa av i boksen for om "Det er ikkje, eller har ikkje vore oppnemnt bistandsadvokat for søkjar i saka", for å kome vidare i skjemaet. Dette gjeld både under stykkpris og under søknad.  Søkjaren har rett til fritt rettsråd i dei sakene der voldsofferet ikke har bistandsadvokat. Dersom søkjaren har eller har hatt bistandsadvokat skal kravet søkjast dekkast under bistandsadvokatordninga, jf. SRF-1/2017 s. 42-43.

 

Saker som gjeld klagesaker etter folketrygdloven § 21-12 (Nav), jf. rettshjelplova § 11 andre ledd nr. 7

I prioriterte saker med behovsprøving som gjeld klagesaker etter folketrygdloven § 21-12 (Nav) er det  lagt ein obligatorisk avkryssingsboks under opplysningar om saka.

 

Advokaten må no kryssa av i boksen for om advokaten "Er kjend med at utbetalt salær må tilbakebetalast ved eventuelt medhald i klagen og dekning av sakskostnadar etter forvaltningslova § 36" for å kome vidare i skjemaet. Dette gjeld både under stykkpris og under søknad. Føremålet er å gjere advokaten merksam på tilbakebetalingskravet dersom søkjaren får medhald i klagen. Nokre embete har sendt ut eit "trygdebrev" når dei har utbetalt stykkpris i slike saker. Tanken er at dette ikkje lenger er nødvendig, sidan advokaten har kryssa av for at dei er kjend tilbakebetalingskravet når dei sender inn skjemaet. Advokaten kan sjølv ta kontakt med Fylkesmannen for å få oppgitt kontonummer, dersom det vert aktuelt.

 

Teksten kjem opp i kvitteringsmeldinga.

 

For alle endringane er det lagt til ei lenkje i høgremenyen som skal forklare innhaldet i avkryssingsboksane.

 

Endring i økonomi

Dersom det vert svara "Nei" på spørsmål om inntekta er den same som siste likning, må noverande inntekt dokumenterast.

 

For å gje advokaten ei påminning om at endra inntekt skal dokumenterast, er det lagt til ny obligatorisk avkryssingsboks. Advokaten må no krysse av anten for at "Dokumentasjon vert lagt ved" eller "Dokumentasjon vert ettersendt" for å kome vidare i skjemaet.

 

I kontrollskjemaet vil det kome ein raud tekst om mangel, dersom det ikkje vert lagt ved dokumentasjon, når dette er avkryssa for.

 

Det er i tillegg lagt inn "noverande inntekt må dokumenterast" ved økonomisk fellesskap.

Publisert 07.05.2019 Sist endra 08.05.2019