Rettsrad.no er oppgradert

Frå 1.oktober ser www.rettsrad.no annleis ut. Bakgrunnen er at Statsforvaltarens fellestenester (STAF) ønskjer ein ny og meir moderne felles plattform for sidene sine. Oppgraderinga gir sidene eit designløft, og desse er no tilpassa nye krav for universell utforming.

Det er berre sjølve utforminga av sidene som er endra, og alle tidlegare funksjonar er vidareført. Sidene er meir oversiktlege, og brukarane skal enkelt finne fram til dei ulike funksjonane og informasjonen som tidlegare.

Publisert 30.09.2021