Endringar i rettshjelplova frå 1.januar 2023

Det er vedteke fleire endringar i rettshjelplova med verknad frå 1.januar 2023. Mellom anna er det vedteke å heve inntekts- og formuesgrensene.

Heving av inntekts- og formuesgrensene

Inntektsgrensa for einslege vert heva til kr. 350 000, og grensa for ektefeller og sambuarar vert heva til kr. 540 000. Samstundes vert formuesgrensa heva til kr. 150 000. Dei nye inntekts- og formuesgrensene skal gjelde i saker der søknad om fri rettshjelp kjem inn etter at den endra forskrifta tek til å gjelde frå 1.januar 2023.

Ny offentleg salærsats

Den offentlege salærsatsen vert auka frå kr. 1121 til kr. 1140 med verknad frå 1.januar 2023.

Endringar som følgje av ny voldserstatningslov

Ny voldserstatningslov tek til å gjelde frå 1.januar 2023. For saker som fell inn under den nye voldserstatningslova, er det ikkje lenger mogleg å innvilge fritt rettsråd etter rettshjelplova. Det betyr at rettshjelplova § 11 andre ledd nr. 6 vert oppheva frå det tidspunktet ny voldserstatningslov tek til å gjelde.

Den tidlegare voldsoffererstatningslova vil framleis gjelde for søknader som er sett fram før den voldserstatningslova trer i kraft. Tilsvarande gjeld for søknad om tilleggserstatning for eit forhold som allereie er handsama etter voldsoffererstatningslova, og klage i sak som er handsama etter denne lova.

Stykkprisforskrifta § 5 andre ledd nr. 11 vert også oppheva frå 1.januar 2023 som følgje av den nye voldserstatningslova. Stykkprisforskrifta § 5 andre ledd nr. 11 skal likevel nyttast i saker som fell inn under tidlegare voldsoffererstatningslov og der søkjaren har krav på fritt rettsråd etter rettshjelplova § 11 andre ledd nr. 6 før lovendringa 1.januar 2023.

Endringar som følgje av ny barnevernslov

Ny barnevernslov tek til å gjelde frå 1. januar 2023. Frå same tidspunkt vert det gjort nokre endringar i rettshjelplova § 11 første ledd nr. 2 bokstav a og b og § 17 tredje ledd nr. 1 og 2. Endringane har ingen realitetsbetydning, men er av reint regelteknisk/begrepsmessig karakter.

Det er også grunn til å merke seg at Fylkesnemnda for barnevern og sosiale saker endrar namn til Barneverns- og helsenemnda når den nye lova tek til å gjelde.

Den elektroniske skjemaløysinga rettsrad.no er oppdatert med dei nye inntekts- og formuesgrensene og ny salærsats. Statens sivilrettsforvaltning vil også oppdatere rundskriv SRF-1/2017 på sine sider www.sivilrett.no i løpet av kort tid.

Meir informasjon om endringane på rettshjelpsområdet frå 1.januar 2023, finn du på regjeringa sine sider.

Publisert 02.01.2023