Brukarstøtte

Treng du hjelp? Her er nokre vanlege problemstillingar og informasjon om kva du skal gjere og kven du kan kontakte. 

Eg har sendt inn ei sak i løysinga og ønskjer å ettersende opplysingar.

Ved innsending vert skjemaet sendt direkte til handsaming hjå embetet i fylket rettshjelpssøkjaren har adresse. Dersom du vil gje fleire opplysingar i saka etter innsending må du vende deg direkte til det embetet som har fått saka til handsaming. Her er kontaktinformasjon til alle statsforvaltarembeta.

Eg har sendt inn ei sak i løysinga og ønskjer informasjon om sakshandsamingstid.

For informasjon om sakshandsamingstid må du kontakte det embetet som har saka til handsaming. Her er kontaktinformasjon til alle statsforvaltarembeta.

Eg har eit fagleg spørsmål om regelverket for fri rettshjelp.

Kvart embete har ansvaret for å gje fagleg rettleiing om regelverket for fri rettshjelp til advokatar med kontoradresse i deira fylke. For fagleg rettleiing, kontakt embetet i ditt fylke. Her er kontaktinformasjon til alle statsforvaltarembeta.

Eg har eit spørsmål om korleis eg skal fylle ut skjema i løysinga.

Ta kontakt med brukarservice hos Statsforvaltarens fellestenester (STAF). 

Eg har problem med å logge på løysinga.

Ta kontakt med brukarservice hos Statsforvaltarens fellestenester (STAF). 

Eg har funne ein feil i løysinga og ønskjer å melde frå om feilen.

Ta kontakt med brukarservice hos Statsforvaltarens fellestenester (STAF). 

Eg har tekniske problem med løysinga.

Ta kontakt med brukarservice hos Statsforvaltarens fellestenester (STAF). 

 

Publisert 06.10.2021