Informasjon til sekretærar

Advokatsekretærar kan per i dag ikkje bli brukarar av skjemaløysinga.

Skjemaløysinga er i dag knytt opp mot Tilsynsrådet for advokatverksemd sine lister over kven som er registrerte som advokatar, advokatfullmektigar og rettshjelparar. Brukaren må vere oppført i desse listene for å få tilgang til skjemaløysinga.

Statsforvaltaren ser behovet for tilgang for advokatsekretærar og håpar å få dette til i samband med eventuell ny lov og ny skjemaløysing.