Informasjon til fullmektigar

Som advokatfullmektig kan du bli brukar av skjemaløysinga dersom du får fullmakt frå ein eller fleire prinsipalar.

Statsforvaltaranes fellestenester (STAF) får kvar veke oppdaterte lister frå Tilsynsrådet over advokatfullmektigane kvar advokat har ansvaret for.

Ein advokat som er registrert som ansvarleg for ein eller fleire fullmektigar vil ha ein knapp for delegering til advokatfullmektig. Der vil advokaten finne ei oversikt over alle fullmektigar advokaten er registrert som ansvarleg for. Ved å velje ein eller fleire av fullmektigane på lista gjev advokaten fullmakt til at desse kan sende inn saker på vegner av advokaten.

Det er ein føresetnad for at fullmektigen skal få tilgang til løysinga at den ansvarlege advokaten på førehand har gjeve fullmakt til fullmektigen. Når advokatfullmektigen loggar seg inn i skjemaløysinga vert det gjort ein automatisk kontroll av om fullmektigen har ei aktiv fullmakt frå ein eller fleire advokatar. Manglande fullmakt vil føre til at fullmektigen vert stengt ute frå systemet.

Dersom fleire advokatar er registrert som ansvarlege for same fullmektig kan fullmektigen få fullmakt frå fleire advokatar.

Etter at prinsipalen din har gjeve deg fullmakt kan du registrere deg som brukar. Dette gjer du på same måte som advokatar og rettshjelparar. Informasjon om korleis du blir brukar finn du her.